Oddetal

Odd Goksøyr (f 1952), forfattar og trubadur frå Sunnmøre, har sidan 1970-åra teke del/bidrege i mange  arrangement i krysningsfeltet mellom poesi og musikk. Tekstane tematiserer særleg mellommenneskelege forhold i det særprega kystlandskapet på Nordvestlandet, gjerne frå skrå vinkel, ispedd ein vonalegvis lun dose humor. I  tekstane  håper eg å balansere det mørke mot det lyse og å la livets alvor og meir komiske sider verte blanda.

Dei seinare åra har eg også teke opp att fotografering på hobbybasis. Blyg som eg er, vert det mest ulike natur- og landskapsmotiv, men håper etterkvart også å utvide repertoaret med andre motiv.

På desse sidene vil du finne eksempel på tekstar, songar og foto.

Kontaktinformasjon: oddgoks@gmail.com

Nokre eksempel på ulike arbeid  -

Alle tekstar, melodiar og bilde på desse sidene er opphavsmannen sin eigedom, og kan ikkje nyttast utan løyve frå han.

1976 – Ein av dei vanlege dagane, dikt

1980 – Akkar-Rakkar, barnebok

1980 – Vokalar på vandring, hovudoppgåve i nordisk språk og litteratur

1992 – Karen, eit songspel for kor (O.G. tekst, musikk Torgeir Hauge)

2003 – Drive sytalaus i solnedgangen, eller – Ivar Aasen er her på gjennomreise og kongen les dikt, ein minikabaret frå eit sunnmørsk landskap

2004 – Amerikansk kjærleik på ny norsk, ein konsert med omsette songar av amerikanske, kvinnelege artistar (saman med Andreas Bjåstad)

2007 – I filler av lys, konsert med songar av Leonard Cohen gjendikta av Odd Goksøyr

2008 – Vår ferd i dine hagar, kyrkjekabaret med tekstar av Andreas Bjåstad (og nokre melodiar av O.G.)

2009 – Gjendikting av 4 dikt av Christine De Luca frå Shetland Dialect til nynorsk

2011 – Konserten SANS og Samling saman med Andreas Bjåstad, Ronald Øvrelid og fleire

Elles – songar/tekstar gjennom heile perioden, omsettingar/gjendiktingar (m.a. 20 songar av Leonard Cohen, 3. plass i Dylan-omsettingskonkurranse i tilknyting til Litteraturdagane i Lillehammer, 2011).

Continue reading

Posted in Uncategorized | 1 Comment