GOKSTAD ord og tonar

feilRundt 2005-6 hadde Andreas Bjåstad og eg eit lite samarbeid. Andreas hadde fri onsdagane (trur eg?) og prøvde då å kome så langt som råd på ein ny tekst denne dagen, som han så sende til meg og som eg prøvde å kome med eit melodiforslag til- gjerne same kveld eller neste dag. Andreas har eit sterkt konkurranseinstinkt, og det viste seg at heller ikkje eg var blotta.

Ein del av desse songane vart med i kyrkjekabareten “Vår ferd i dine hagar” der alle tekstane var nyskrivne av Andreas, og ein av songane fekk andrepris i ei salmekonkurranse.

Nokre av songane har meir vorte liggande, men her kjem nokre eksempel.

Stig inn – ein var og spennande tekst av Andreas, melodien eigentleg tenkt for ei damestemme med eit forsiktig komp, – her i ein eksperimentversjon i serien Odd syng ting han ikkje har stemme til  – manglar litt på presisjon i dei svake partia og trøkk i dei sterke og kjem ikkje opp på dei høgaste tonane, men eit inntrykk gir det vel.

Stig inn- tekst og note         Stig inn – frå kyrkjekabareten

Første dag i snøen – er ei enkel vise inspirert av eit foto, det første barnebarnet til Andreas sitt første møte med snøen. Ein fin liten tekst som eg synst eg har funne ein melodi som passar til, ein enkel og lågmælt song.

Første dag i snøen – tekst og note      

Skulle ha skrive – ein sorgmunter tekst om alt vi skulle ha gjort. Dessverre like aktuell etter 8 år… Har prøvd å kvikke litt opp med ein tamburin, men høyrer at tamburingenet mitt ikkje er heilt utvikla (og tenorstemma har sige eit hakk, men det får gå for denne gongen).

Skulle ha skrive – tekst og note       

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *