Ackordeonistens trista song

Ein gong hausten 2008 hadde eg ei kuriøs, og heller trist oppleving. Andreas B og eg gjekk på ein konsert i Hareidskyrkja med den svenske akkordeonspelaren Johan Andersson (her føreslo retteprogrammet “skodespelarkone”), prislønt, og som har spelt med mange symfoniorkester. Konserten spente frå monumentale orgelverk (t.d. Bachs Toccata og fuge i d-moll) via vakre salmearrangement til lette og humoristiske stykke, og var musikalsk sett ei positiv oppleving. Det som gjorde opplevinga trist, var at vi, så vidt eg kunne telje, var åtte betalande. Etter konserten bearbeidde eg opplevinga gjennom teksten under, mest for å reflektere over kva musikaren vel må ha følt under ein god times konsert for ein bortimot tom sal. Eg skal likevel innrømme at eg har lagt inn spor av eigne tankar rundt fenomenet. Eg skal også innrømme at slutten på teksten overdriv litt i heroisk retning, vi stod ikkje fire karar og lovte å “näpsa” (å refse, tukte) dei som ikkje hadde møtt fram. Vi stod med huva i handa og mumla beskjemma at dette var leit…

Poenget med Jekatarinaburg (ein russisk by borte ved Uralfjella) var at han der hadde hatt ei meir positiv oppleving enn på Hareid…

Elles må svenskkyndige sjå overberande på eventuelle språklege lapsusar, eg har gjort mitt beste, – og, ja, eg veit at by = bygd og stad = by, så dette er heilt bevisst. Lenge trudde eg derimot at å refse heitte ”refsa”, men det betyr å rake med rive, så ”näpsa” betyr altså å refse, rive av.

Avrivinga er hermed gjort kjend.

PS – ingen journalistar var til stades…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *