Enkeltståande songar

MANNEN LØFTER ÅRANE – handlar om det, og ingenting anna, eller noko anna. Kva veit eg, men det eg veit, er at teksten var ferdig etter eitt vers, å skrive meir, ville berre øydelegge.

MANNEN LØFTER ÅRANE

NOKRE REFLEKSJONAR OVER MULEGE KONTAKTPUNKT MELLOM FØR OG NO (og grunnar til optimisme eller resignasjon desse kan medføre) – skulle vel seie det meste. Elles eit forsøk på Sprechgesang, som er ei vanskelegare øving enn det kan høyrest ut som (eller kanskje høyrest det akkurat slik).

NOKRE REFLEKSJONAR OVER MULEGE KONTAKTPUNKT MELLOM FØR OG NO

Dette er – i revidert versjon – for meg er dette ein song med trådar tilbake til 70-talet. Spør de kan eg forklare (Øystein O forstod den utan). Skulle hatt ei myndig og var folksongdame til å framføre melodien, med meg vert det ein litt sår Elias Akselsen-variant. Men det er eitt eller anna med melodien føler eg – og som ikkje liknar på noko anna eg har skrive, trur eg (ser vi bort frå at den er trist og melankolsk, sjølvsagt, men thæt gous withaut seying).

Dette er ei gammal soge

Når skodda sig inn – viss eg forstår denne teksten, seier han noko om ikkje å stikke av frå alle problem, men at det av og til kan vere greitt å finne eit rom der ein for ein augneblink kan stenge ute alle inntrykk og berre vere i ro, som når skodda sig inn og gøymer alt. Altså ein positiv skoddetekst, men muligens like diffus og ugjennomtrengeleg som skodda – men eg er no berre ei enkel sjel frå vatnet (eller like ved).

Når skodda sig inn – tekst

Ligg still – ein song eg er litt usikker på (sikkert ein instinktiv motvilje mot slike følesongar, sjølv om det her er føling i fjøra), men som eg likevel synst har noko ved seg. Eigentleg ikkje nokon mystisk tekst, berre bygt over to element – den usikre, flytande kjensla vi av og til har når vi vaknar, og nokre bilde frå barndommen: fjøra med steinar, drivved, rusk og rur-mystikk.

Ligg still – tekst

Ting tek tid – seier eit gammalt jungelord (men det gjeld som kjent også i heimen). Ein rein improvisasjon og kladd, truleg inspirert av ulike oppussingstiltak i heimen. Ei litt meir danna utgåve, i forhold til førsteversjonen, men også mindre desperat…

Ting tek tid – tekst

Ballade om ein trulaus mann – byggjer på ein del overskotsmateriale frå songen under.Men er også eit forsøk på å fri meg frå to tekstlege og musikalske svakheiter eg ligg under for -melankoli og 6/8-takt. Skal ein fri seg frå slikt, må det sterk lut til.

BALLADE OM EIN TRULAUS MANN – tekst

Om vi flyg ut over havet – er på mange måtar min versjon av Olav H. Hauge si innsikt “Men det gjeng an å leve / i kvardagen òg,/ den grå stille dagen… Om nokon meiner at her er det nokre lause trådar, vil eg seie – “ja,og kva så?”

OM VI FLYG – tekst 

Pir II (tur-retur) – fekk ein ide om å utforme ein song som ei vandring (og ruta er heilt konkret – ca 5 km ein veg – men kvar går turen? Meld forslag). Dessverre kom eg i skade for eit anfall av megalomani når det gjaldt verselengda, det gjorde det ikkje vidare lett å lage melodi til dette her. Jaja, det var heilt frivillig. Måtte elles komprimere mp3-fila mykje for å få lasta henne opp, men eit inntrykk gir det vel.

Pir II (tur – retur) – tekst

1000-årssongen for Hareid kommune, i ny tapping.

I ei natt – tekst 

Langtidsvarsel – ei attgløyme frå 2002 som eg aldri fann ut av. Vi prøver på nytt – for dei som er i tvil – dette er eit forsøk på ein munter pre-apokalypsesong (ikkje pre-apocalypso, altså) –  inspirert av følgjande: Voluspå (“vil du vite meir…”), Øystein Orten (som bidreg med ein del tanter og nokre bryst frå ulike dikt), Første Mosebok og Ragnar Hovland (epilogen) – eventuelt – lytt til ein annan song. Her er også to eksempel på grove nødrim, men kven bryr seg (når enden er nær)?  (dei som bryr seg og vil kaste vekk livet på slikt, får finne dei sjølve) – altså ein song som altså kombinerer tunge bryst og tunge allusjonar, truleg noko å satse på vidare

LANGTIDSVARSEL – tekst

Kontorsjefen – nok eit drama frå 90-talet. Men mens Hysevisa er eit iskaldt og kalkulert trekantdrama frå frysedisken, er dette tematisk av det Bjørn Eidsvåg (som eg ikkje siterer ofte) sa var populærmusikkens attvendande mare – heterofile parfohold i ulike fasar – til mitt forsvar – her er det snakk om utfasing. Har elles leika meg med rytmeinstrument eg ikkje kan med eller veit kva heiter og dobla gitaren. Truleg for mykje – om ikkje av det gode.

KONTORSJEFEN – tekst

Hysevisa – om dette er ein barnesong, veit eg ikkje – uansett ei kjøleg affære av ein kjærleikssong.

HYSEVISA – tekst      

Gjennom ein mur av lys –  ein song frå 1993. Tanken kom vel frå eit par episodar der flyktningar på Balkan og i Afrika (Sudan?) kom vandrande på TV-skjermane ut av natta, inn i det blendande lyset frå tv-teama. Eit forsøk med dobling av gitar og litt innsmett av den nye E-dursmunnharpa mi – det beste som er å få i Noreg – smidd av Folke Nesland.

GJENNOM EIN MUR AV LYS – tekst

Kvinne i eksil – ein song frå 1994. Det er alltid litt rart å sjå kvar ein var for 20 år sidan. Ville eg skrive denne (slik) i dag? Veit ikkje, men tematikken er uansett framleis aktuell. Har alltid blitt litt for trist med klimprekomp, her eit forsøk med visping. Litt mindre trist? Noko tips – dette er ein song der eg føler det er noko. men også noko som manglar – men kva?

KVINNE I EKSIL – tekst 


Sov i ro – også frå 1997 (trur eg, i alle fall er det den eldste filversjonen eg finn) som eg verken klarer å synge eller kompe, men som eg trur kunne bli bra i dei rette hendene (gjerne vare kvinnehender). Eller kanskje til og med som korversjon.

SOV I RO – tekst   

Hei liv – frå 1997, og aldri heilt ferdig eller fornøgd. Som tittelen seier noko så originalt som ein song om livet. Kanskje burde ein leve det i staden for å skrive songar om det, men kanskje kunne han fungere med eit lettare og raffare komp (men det må eg ha hjelp med – her er han med tiltrøyvt klimprekomp og vietnamesisk munnharpe i c-dur). Gode idear vert tekne imot med takk (både til songen og livet).

HEI LIV – tekst     

Korsong (kors og kardigan) – ein gammal song frå 1982, som låg forlagt, men dukka oppatt under ei skaprydding. Ideen til songen kom frå ein selskapsleik vanleg i kristne ungdomsmiljø (visstnok) i dei tider – sidan eg har ei inngrodd mistru til selskapsleikar og særleg denne (ein bles opp ein del ballongar som gutane så sitjande plasserte i fanget slik at jentene kunne sitje og disse på dei til dei sprakk) vart denne teksten til. Elles byggjer ikkje dette på eigen erfaring, berre rykte, og eg må seie at eg er litt tvilande til deler av moralen i songen – men – eg kan ikkje vere dårlegare enn Lance Armstrong, ungdomssyndene må fram i lyset. I mitt tilfelle at eg skreiv denne teksten…

Korsong – tekst  

 

Stev – er som namnet seier ein litt folketoneinspirert song (frå 1996). Som eg sjølv er litt glad i, men eg er ikkje sikker på om ein sjølv er best eigna til å vurdere sine eigne ting. Her i ein versjon der eg i mangel på det store orkesteret har drege fram ein del munnharper, eit søramerikansk rytmeinstrument eg ikkje aner kva heiter (men som er eit vakkert handarbeid) og eit mega-regnrør (men kunne berre stukke mikrofonen ut vindauget).

STEV – tekst

Som Bellman eller Taube – er vel delvis ein referanse til nokre musikalske (men kanskje like mykje tekstlege) heltar. Eigentleg vart songen til slik han fortel, eg sat og improviserte fram ein melodi over nokre akkordgangar, men mangle heilt ide til tekst. Så tulla eg fram ein tekst om å skrive ein tekst utan å ha noko å skrive om. Den heroiske avsluttinga om songens kraft for dei tungsindige og nedbrotne, kan sjåast på som eit forsøk på sjølvironi, men kaffien var god.

SOM BELLMAN ELLER TAUBE – tekst

G-nøkkelen – ein song reinsa for svartsyn, bekymringar, næringssorger eller aggresjon i forhold til den nye nynorsknormalen (eller var det nynorskmoralen? det går så lett i ball), you-name-it! Derimot fylt av glede, vennskap, kafeliv, lettvinte rim og til og med gløtt av klassiske sommartema som vin og solbrune kvinnebryst (berre gløtt).

G-NØKKELEN- tekst 

Stjerner bak skyer – ein song frå 1979 med tema frå siste del av 60-talet. Tenkt som ei skildring av to typar romantikarar, den einetypen som reiser ut på jakt etter ikon og idol og den andre som søkjer innover for ikkje å risikere at verkelegheita øydelegg draumen. Om nokon av dei nådde fram? Det følte eg kanskje at teksten reflekterte litt lite over, og skreiv derfor til dei fire “leksikon”-strofene i 2010.

STJERNER BAK SKYER – tekst

Høyonn – ein song frå 1979 som dukka opp att under ei skaprydding og fekk ei lett oppussing (noko som minner meg på at huset bør malast neste år, huff). Eit vemodig tema med ein nostalgiskromantisk vri, nærmast ein songleg versjon av Werenskiolds “En bondebegravelse”, men lagt til rurale kyststrok. Heilt konkret ligg nok ei roleg gravferd frå barndommen i solskin og klar haustluft på gravstaden på Runde i bakgrunnen. Ein vakker plass å verte gravlagt på ein vakker haustdag, men så ustabilt veret er no for tida, er det vanskeleg å love noko.

HØYONN – tekst

Noa-vise – ein song frå ein gong på 70-talet. Originalen var på dialekt. Her ein meir sober nynorskversjon som umerkeleg glir over i fransk (muligens ikkje så sober). Ein tekst kanskje inspirert av Bellman sin Gubben Noak?

NOA-VISE – tekst

Heime no – ein tekst eg er godt fornøgd med, og som ingen andre forstår, viser det seg. Truleg sidan eg prøvde å seie noko meir seriøst. Altså – ein song om det usikre og tilfeldige i tilværet der kaoskreftene er henta frå folkeeventyra og visdommen frå ordtaka og der moralen er – ingenting er sikkert. Skulle gjerne hatt eit meir folketoneaktig arrangement, men manglar både fele og felespelar. Derfor litt umunter plystring som erstatning…

Heime no – tekst

Gullstrødd eng

I mai – ein gammal vårsong som vel starta med ei brennande lyst etter å skrive ein song der eg rima mai – gla’i, og som sagt så gjort. Den observante lyttaren vil vidare få med seg at dette er ein vårsong for pollenallergikarar, ei gruppe som har fått altfor lite merksemd i den norske songskatten.

I mai – tekst

Kanskje – sidan eg har eit utstrakt samarbeid med den lokale salmediktaren, blir eg sikkert trigga til konkurranse? Så derfor eit alternativ, noko nær ein agnostisk salme (mjukagnostisk rett nok), sikkert også trigga av at eg nærmar meg 60…

Kanskje– tekst

Haustsong – ein haustsong, ganske enkelt.

Haustsong – tekst

Flaskeånd – småfuglane syng best om morgonen, – det gjer ikkje alle andre, men likevel, eit morgonopptak. Elles er songen resultat av ei lengre skrivetørke, vedvarande kroppsverk i (bortimot) alle lemmer legg ein dempar på det meste. Dermed ein tekst eg ikkje heilt forstår sjølv, men slik er han no eingong blitt. Eg tek imot tolkingar og forklaringar med takk.

FLASKEÅND – tekst

Gladsongen – i ei verd ramma av ei flodbølgje av positiv tenking (det er nok sant at det er betre å tenkje positivt enn å tenkje negativt, men kva med å tenkje realistisk?), er denne songen meint som eit korrektiv. Dette er eit fortvila rop frå ein som brått vaknar ein morgon og tenkjer positivt – og han taklar det ikkje i det heile…

Gladsongen – tekst

Månestråle – Ein song med utgangspunkt i ei myte eg fann ein stad, om ei jente som for å unngå å bli gift med ein mann ho ikkje ville ha, først sprang gjennom eit bål og så kasta seg i havet og sumde utover. Når ho nådde horisonten, steig ho opp mot himmelen og vart til månen. Og vi kan enno sjå brannsåra frå bålet (kvar er denne myta frå – var det ei stillehavsprinsesse? må sjekke, eg har enda opp med ein song som spelar på barndommens og westernmagasina sine (positive) fordommar). Innspelinga er ein dialektversjon.

MÅNESTRÅLE – tekst

Minnefangar  Ein song om dei små (eller store) tinga i livet. Frasen “og no er vi snart berre minne” er ikkje så fatalistisk som det kan synest, men er eigentleg ei positivt utsegn. Etter eg hadde skrive teksten, fann eg same tanken i eit intervju med Umberto Eco: ” Livet er en maskin  for å skape og hente fram minner”. Tittelen er laga etter mønster frå ein draumefangar – som visstnok fangar dei vonde draumane og slepp dei gode igjennom.

Minnefangar – tekst

Beirut – Ein song som må vere frå første del av 8o-talet, og som eg hadde håpa skulle bli uaktuell – men som dessverre ikkje har blitt det. I dag burde sjølvsagt stadsnamnet Beirut vore skifta ut, men sidan dette er ein song med rim (Beirut – ut), og hendingane songen skildrar stadig skifter scene, lar vi det stå.

Beirut- tekst

F – Ein enkel, liten song over eit vanleg tema – eit skrantande parforhold – kva meir er då å seie?

F – tekst

Langt bortom alle tankar

I desse tider – når vi vaknar opp og innser at vi lite veit om kva dagen kan bringe, men også at det finst ein styrke og nærleik vi kan bygge vidare på, dukka det tilfeldigvis fram ein gammal song eg hadde gløymt i papirdungen –

Langt bortom alle tankar – tekst

One Response to Enkeltståande songar

  1. Kjære Cohen ven!
    Mange flotte songar som eg ikkje har hørt før.
    Eg er svært imponert. Kjempe bra! …………. Fortsett! (Eg kjøpe CD’n)

    Helsing Roger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *