Vokalar på vandring

Eg får av og til spørsmål om hovudoppgåva mi – Vokalar på vandring – Trondheim 1980. Ho finst sjølvsagt tilgjengeleg gjennom bibliotek, men for dei som er interesserte og vil ha rask tilgang, har eg lagt henne ut som pdf. Berre klikk på tittelen over. Framsida, med nærare avgrensing av tema, ser du under. Der finn du også eksempel på målprøver og lydprøver.

Det vekkjer ein del minne å sjå over dette igjen – dette var skrivemaskina si tid, skreiv ein feil var det å klippe og lime – eller skrive alt opp att. Det gjorde at ein fekk god trening i å planlegge før ein skreiv. Lydprøvene – som eg i dag ville fått opp tydeleg på ein skjerm – vart skrivne ut på ekkoloddpapir på ein trommel med svistift. På den første maskina eg brukte, kunne eg ikkje skru av lyden, dermed sat eg og høyrte ein kontinuerleg kvirrevipp-kvirrevipp-kvirrevipp i to månader (lydklippa var på 2,4 sek, kopierte frå spoleband, og gjekk omatt og omatt). Etterkvart vakna eg om natta av svilukt og kvirrevipp. Så rauk apparatet, vart sendt til Danmark for reparasjon – og kom aldri igjen. Der heldt hovudfaget på å ryke – men – så fann eg eit apparat til i Trondhem, ein svensk biolog analyserte fuglelydar. Det fekk eg låne, og der kunne eg skru av lyden… Lydskrifta ber også preg av skrivemaskintida, og er ein heimesnikra hybrid av vanlege bokstavar og handskrivne teikn, men gjorde nytten sin på eit vis.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *