I filler av lys #2 – Songar av Leonard Cohen på norsk


Kåre Skare Lystad, Peter Demirov, Ronald Øvrelid, Tormod Engen, Leiv Arne Nydal, Arnhild Bjerkvik, Miki Campins, Gunn Marthe Pieroth, Jan Thormodsæter og Odd Goksøyr.

Kåre Skare Lystad, Peter Demirov, Ronald Øvrelid, Tormod Engen, Leiv Arne Nydal, Arnhild Bjerkvik, Miki Campins, Gunn Marthe Pieroth, Jan Thormodsæter og Odd Goksøyr.

I FILLER AV LYS #2

er ein nyoppussa og utvida versjon av ein konsert med songar av Leonard Cohen i norsk språkdrakt i Odd Goksøyr sine omsettingar. Første runde gjekk av stabelen for 11-12 år sidan med mange gode tilbakemeldingar. No prøver vi på nytt, med fleire musikarar og fleire songar.

Konserten vil spenne over dei første 33 åra av Leonard Cohen si musikarkarriere, frå 1968 til 2001, og vil innehalde kjende og forventa songar som Halleluja, Fugl på ein streng, Kjend, blå regnfrakk, Chelsea Hotel #2 og mange fleire. Men også eksempel på kanskje mindre kjende, men ikkje mindre vakre, songar som Alexandra reiser, Din vilje skje og Boogie Street.

Vi håper også at det å få lytte til songane i norsk språkdrakt kan gi ein ekstra dimensjon til opplevinga, at det vil verte lettare å ta del i det bilderike poetiske universet til lyrikaren Cohen.

Lyden av songaren Cohen er det likevel uråd å kopiere, men som erstattarar til Cohen sjølv og «the sublime Webb Sisters» frå 2000-talet sine konsertar, stiller desse opp:

Vokal: Gunn Marthe Pieroth, Arnhild Bjerkvik, Ronald Øvrelid og Odd Goksøyr

Tangentar: Peter Demirov

Gitar: Kåre Skare Lystad og Tormod Engen

Bass: Jan Thormodsæter

Slagverk/perkusjon: Miki Campins

Fele: Leif Arne Nydal

Foto frå konserten på Sjøborg 18. juni 2017 – Robert Skeide

Comments are closed.