Regines Minde er eit slags underskotsføretak (her snakkar vi mentalt og fysisk) som starta med at søstera mi, Audhild Goksøyr, som måtte legge vekk gitaren og gå over til harpeleik, spelte litt saman med Marie Runde, på sag. Så oppdaga dei brått at dei hadde lovt å halde konsert på nedlagde Runde kafe i påska 2011 og henta inn meg som støtte på munnharpe/gitar.
Etter den overraskande suksessen på debutkonserten (ingen gjekk) har vi hatt sporadiske innslag ved ulike høve. Opptaka under er frå ei tilstelling på Runde bedehus 11. august i samband med Språkåret 2013, der vekta var lagt på den nynorske song- og salmearven.
Nokre publikumsreaksjonar samla inn på facebook (denne staden i verda der alle er pene og lever gode liv):
- “Herleg:) Bokstaveleg talt også:) Vert det ekstrakonsertar?
- (som svar på påstanden om at dette er ei av dei beste gruppene på sag, harpeleik og munnharpe) Ei av dei beste? No har eg leita nettet rundt, vore innom dei mørkaste avkrokar, utan å finne betre gruppe med same besetning. Må vere den aller beste, er min konklusjon. Flott å høyre på!
- Kjempebra!! Det er berre å ringe Daniel Lanois for neste innspeling.
- Det er noko irsk-gelisk over denne gruppa både når det gjeld innmat og lyd og det er meint som eit stort kompliment.
- På grensa til det bisarre. Sprechgesang sånn ca halvveges? Heilt klart kultstatuspotensiale!
- Du verden! Det var flott!
- Gudhjelpemeg!
Blott en dag:
Å, nåde stor:
Allheims berg: