Oddetal

Odd Goksøyr (f 1952), forfattar og trubadur frå Sunnmøre, har sidan 1970-åra teke del/bidrege i mange  arrangement i krysningsfeltet mellom poesi og musikk. Tekstane tematiserer særleg mellommenneskelege forhold i det særprega kystlandskapet på Nordvestlandet, gjerne frå skrå vinkel, ispedd ein vonalegvis lun dose humor. I  tekstane  håper eg å balansere det mørke mot det lyse og å la livets alvor og meir komiske sider verte blanda.

Dei seinare åra har eg også teke opp att fotografering på hobbybasis, for det meste ulike natur- og landskapsmotiv.

På desse sidene vil du finne eksempel på tekstar, songar og foto.

Kontaktinformasjon: oddgoks@gmail.com

Nokre eksempel på ulike arbeid  –

Alle tekstar, melodiar og bilde på desse sidene er opphavsmannen sin eigedom, og kan ikkje nyttast utan løyve frå han.

1975 – “Fjordabladet gjennom 100 år” – Hundreårssoga for Fjordabladet 1874 – 1974 (saman med Astrid Sandnes, Lars Bjaadal, Marit Vestlie og Knut Raddum)

1976 – Ein av dei vanlege dagane, dikt

1980 – Akkar-Rakkar, barnebok

1980 – Vokalar på vandring, hovudoppgåve i nordisk språk og litteratur

1982(?) – eller deromkring – radioprogrammet “Attme’ radioa”, produsert av Torbjørn Wilhelmsen.

1990? – Norske versjonar av nokre gospel-/negro spiritual-songar til ein konsert med Bigset Blandakor.

1992 – Karen, eit songspel for kor (med Bigset Blandakor – tekst O.G. , musikk Torgeir Hauge)

2003 – Drive sytalaus i solnedgangen, eller – Ivar Aasen er her på gjennomreise og kongen les dikt, ein minikabaret frå eit sunnmørsk landskap

2004 – Amerikansk kjærleik på ny norsk, ein konsert med omsette songar av amerikanske, kvinnelege artistar (saman med Andreas Bjåstad)

2007 – I filler av lys, konsert med songar av Leonard Cohen gjendikta av Odd Goksøyr

2008 – Vår ferd i dine hagar, kyrkjekabaret med tekstar av Andreas Bjåstad (og nokre melodiar av O.G.)

2009 – Gjendikting av 4 dikt av Christine De Luca frå Shetland Dialect til nynorsk

2011 – Konserten SANS og Samling saman med Andreas Bjåstad, Ronald Øvrelid og fleire

2014 – Konserten 3+1 saman med Ronald Øvrelid, Tormod Engen og Karten Robert Kirkebø på Josefine Kafe, Hareid.

2014 – Robert Bly – Den natta Abraham ropte til stjernene, Ura Forlag. Gjendikta av Odd Goksøyr. (Omtale Vårt Land 19.01.2015)

2015 – Robert Bly – Dei dømde meg til tusen år i glede, Ura forlag. Gjendikta av Odd Goksøyr.

2015 – Odd Goksøyr & The Red Roosters Blues Band – grådig engel, trulaus mann  Kjøpe cd, laste ned album

2016 – Kvelv bak kvelv utan ende – ei oppsetting med lyrikk og musikk, dikt av Tomas Tranströmer, Jan Ove Ulstein  og Øystein Orten, tonesette av Odd Goksøyr, dikt av Robert Bly som lesenummer, alt framført i ei ramme av samanbindande tekstar. Avisomtale, lenke til face-side: https://www.facebook.com/kvelvbakkvelv/?fref=ts

2017 – I filler av lys #2 – Songar av Leonard Cohen i norsk språkdrakt ved Odd Goksøyr

2017 – Glimt av opphav – Glims o origin, dikt av Christine De Luca på Shetland dialect og i norsk språkdrakt ved Odd Goksøyr

2020 – aljamarkiR – skrifter og fiksjonar, Samlaget

2021 – Robert Bly – Å snakke inn i eseløyret, Ura forlag. Gjendikta av Odd Goksøyr.  (omtale i Bokmagasinet, Klassekampen 26.02.22)

2022 – Robert Bly – Denne trongen til å reise langt, Ura forlag. Gjendikta av Odd Goksøyr.(omtale i Vinduet 10. oktober 2022)

Elles – songar/tekstar gjennom heile perioden, omsettingar/gjendiktingar (m.a. 20 songar av Leonard Cohen, 3. plass i Dylan-omsettingskonkurranse i tilknyting til Litteraturdagane i Lillehammer, 2011).

I tillegg til her, vil du finne nokre opptak på Soundcloud, eller du kan søkje på YouTube der det ligg nokre små billedillustrerte songar.

Continue reading

Posted in Uncategorized | Leave a comment